Fjotland sokneråd i samarbeid med Kvinesdal historielag invitera til konsertforedrag i Netlandsnes kapell laurdag 27.april der komponist og tidlegare organist, Sverre Eftestøl fortel om si komponistgjerning.
Frå tidleg barneår og oppvekst på Risnes til samarbeid med kunstnarar og musikarar frå inn- og utland. Om inspirasjon og om skaping. Om møte med menneske og korleis det har påverka skapingsprosessen.
Sverre viser sitt første instrument som han fekk til 4-års dagen. Eit instrument far hans, Trygve Eftestøl har laga. Foredraget er knytt opp til bruk av PowerPoint og avspeling av video. Sverre vil også framføre nokre av komposisjonane på orgelet i kapellet.